Gå til sidens hovedinnhold

Flora har fostra nytt golf-ess

Artikkelen er over 5 år gammel

Jakob Stavang Stubhaug (13) vann i helga ei golfturnering blant landets beste spelar i alderen opp til 15 år.

Jakob Stavang Stubhaug har trakka sine barne-golfsko på treningsbana i Brandsøy og på bana i Jølster. No i helga vann han ei golfturnering blant landets beste golfspelarar under 15 år. Turneringa er kalla Titleis Tour og vart sist spelt laurdag-mandag i Kragerø.

 

I tillegg til å vinne denne turneringa har Jakob vore topp tre ved fleire høve på Titleist Tour denne sesongen.

Firdaposten får kontakt med ein med rette,  stolt far, Magne Stubhaug.

- Det er slutt på den tida at eg slår guten i golf. Han har drive på sidan 4-5 års alderen og slår meg no i alle parameter, også lengde. No kan eg putte først på eit og anna hol inni mellom, men eg er distansert når det gjeld å konkurrere med han.

Kommentarer til denne saken