Gå til sidens hovedinnhold

Glopperock er avlyst

Rockefesten i Jølet på Sandane i juni er avlyst.

– Vi har gleda oss so lenge og vel til festival i «Jølet», men vi har no bestemt at det ikkje vert gjennomført noko Glopperockfestival i juni 2021 på Sandane. Med regjeringa sine arrangements-restriksjonar som er lagt fram og covid-19 smittesituasjonen, ser vi oss nøydde til å heller lade opp til ei fullverdig festivalhelg til neste år. Kohortar, faste seter og fare for smittespreiing kan forhåpentlegvis vere historie når vi no planlegg for Glopperock 2022, seier styret i ei pressemelding.

Dei fortel at arbeidet med booking av artistar til Glopperock 2022 er i gang, derimellom fleire av dei artistane som skulle delteke på årets festival blir med neste år. Alle billettar som er kjøpt vil bli automatisk overført til neste års festival, melder dei.

Det som i dag blir rekna som den eldste rockefestivalen i Norge skulle feire jubileum i fjor, men den markeringa vart utsett på grunn av pandemien. Gloppen Musikkforum jobbar med ei 40 års Glopperock jubileumsmarkering, med ein historisk

filmvisning og konsert i kultursalen Trivselshagen i august 2021.

Kommentarer til denne saken