Redningsaksjon i Gloppen

Artikkelen er over 1 år gammel

GLOPPEN: Ein båt med fire personar i har gått ned – ein person skal vere sakna og det pågår no fullt søk.

DEL

– Ein båt med fire personar har gått ned ved Devik i Gloppefjorden. Tre av personane har kome trygt i land, men ein person er sakna, seier pressetalsperson i Hovedredningssentralen Sør-Norge til Firda 19.30 laurdag kveld.

Dei fekk meldinga om hendinga klokka 18. 52 laurdag kveld.

– Ein stor redningsaksjon er sett i gang. Vi har fått opplyst at det har vore fire personar i båten då den gjekk ned. Tre av dei har vi kontroll på. Det er no sett i gang fullt søk etter ein fjerde, og vi jobbar med å få hundre prosent stadfesta at det har vore ein fjerde person i båten.

Det seier operasjonsleiar Bjarte Rebnord i Vest politidistrikt klokka 19.40.

Fleire lokale politipatruljar deltar i søket, i tillegg til redningshelikopter og luftambulanse og fleire båtar. Også redningsdykkarar er på veg, både i helikopter og i bilar, opplyser Rebnord.

Helsepersonell og politi var framme på land. Dei tre som har komme til rette blir tatt vare på av helsepersonell, opplyser Rebnord. Det er uvisst kva tilstand dei er i.

Vegtrafikksentralen melde like før klokka halv åtte laurdag at ferjesambandet Anda-Lote er innstilt. Grunnen er at ferja deltek i ein redningsaksjonen.

Naudetatane og eit redningshelikopter er på staden.



Artikkeltags