FIRDA: Vi går ei nydeleg pinsehelg i møte, men før vi kjem så langt, må vi belage oss på nokre dagar med heilt middels maivèr.

– No har vi lagt bak oss den kulda som vi såg i første del av månaden, og no ser det generelt bra ut framover, seier meteorolog Stig- Arild Fagerli i StormGeo.

Ganske ok dag

Måndag blir ein ganske grei dag.

– Det kan kome noko skydekke og litt grums på kysten, men bortsett frå det blir det ganske greitt.

Tysdag og onsdag kan vi vente oss litt tåke og litt nedbør, men også litt betre vêr i periodar. Det blir også ganske høg fuktigheit i lufta, fortel Fagerli.

Ut på dag torsdag letnar det litt og hintar om kva vi har i vente.

– Siste omgang med nedbør får vi fredag morgon, og etter den tid ser det ut til å bli temmeleg bra. Det kan kome litt lokal tåke om morgonen, men utanom det blir heile helga ganske fin, seier Fagerli.

Kan vente oss godt over 20

Temperaturane vil i alle fall bikke 20 grader fleire stader, men mange kan også vente seg varmare temperaturar enn dette. Til dømes kan Sandane glede seg over 24 grader i helga, og ifølge Fagerli kan ein nokre stader i Sogn og Fjordane sjå 25-talet på gradestokken.

– Søndag ser ut til å bli den varmaste dagen, fortel meteorologen, som ikkje kan love sol frå knallblå himmel, for litt skyer blir det nok.

2. pinsedag neste måndag ser også fin ut, men prognosane så langt fram er enno litt usikre.

– Men det ser ut til å bli mykje likt vêret som vi får til helga, seier meteorologen, som kjem med ei lita gladmelding heilt på tampen:

– Det ligg eit høgtrykk utover Sør-Norge gjennom pinsa som kan bli liggande, og det nærmaste nedbørssystemet er i Lofoten no. Så det verkar til at det skal bli ganske bra, seier Stig- Arild Fagerli.