Debatt
Akkurat no planleggjast ein gondol, inst i Kjøsnesfjorden i Jølster. Dette prosjektet er ein trussel mot landskapet og dyrelivet i grensa til Fastlands-Europas største isbre. Dei negative konsekvensane av prosjektet må vektleggast. Kommunen burde setje langsiktig naturforvaltning framfor pengar i kassa og masseturisme. Vi er på lag med naturen og krev at gondolen aldri byggjast.
Eit av argumenta til forkjemparane for gondolen er at alle burde få tilgang på den flotte naturen i Jølster. Då er det desto meir paradoksalt at ein har planar om å øydeleggje delar av dette området for å gjere det tilgjengeleg for folk. Fjellområda i Jølster og omegn blir stadig meir verdifulle og sjeldne, og å plassere ein gondol her, vil vere å frårøve framtidige generasjonar moglegheita til å bevare alt dette.
Vi har ikkje behov for ein gondol i Sunnfjord. Det finnast fleire moglegheiter for å komme tett på bre og fjell, utan å måtte gå langt i ulendt terreng. Dessutan er det knapt meir enn ein time til Loen Skylift. Det vi derimot har større og større behov for, er bevaring av urørt natur og tilgang på unike naturopplevingar. Lundeskaret og Tverrfjellet byr på ypperlege fjellturar både sommar- og vinterstid. I tillegg er området ei perle for ivrige klatrarar, og i Lundeskaret går ei gammal ferdselsåre full av historie. Alt dette står i fare for å øydeleggjast med bygginga av ein gondol.
Om prosjektet realiserast, vil landskapet i Kjøsnesfjorden endrast for alltid. Å setje mastar i fjellveggen og byggje restaurant med utkikksplass på toppen av eit fjell er eit stort naturinngrep. Dette kan aldri reverserast. Gondolen legg til rette for masseturisme, som vil medføre forsøpling, auka forureining og forstyrring av dyrelivet.
Glacier Gondol ligg vegg i vegg med Jostedalsbreen nasjonalpark, som er heim til fleire truga dyre- og planteartar. Ikkje minst den raudlista villreinen. Vi veit at reinen ferdast i området der gondolen skal stå, og reinsstammen knytt til Sunnfjord er liten og sårbar. I november sette statsforvaltaren ned foten for eit liknande prosjekt, Hardanger Lift, grunna trugsel mot villreinområdet og det biologiske mangfaldet i nærleiken av gondolen. Vi meiner dette prosjektet burde få den same avgjersla!
All natur har eigenverdi, uansett kor stor nytteverdi den har for menneske, er den verdifull nok i seg sjølv. I Noreg er det biologiske mangfaldet konstant trua av hyttebygging, industri og vegutbygging. Tanken om at «vårt prosjekt er så lite at det ikkje kan ha nokon påverknad på naturen» er årsaka til at det biologiske mangfaldet verda over nærmar seg eit brestepunkt. Noreg har forplikta seg til ei naturavtale som seier at vi skal verne 30% av naturen vår innan 2030. Då er gondolen i Kjøsnesfjorden eit steg i heilt feil retning.
Vi unge skal leve mange år på denne planeten og for oss er det viktig å kunne bevare naturen vi har vakse opp med, også for framtida. Sunnfjord kommune og Jølster har mange andre moglegheiter for turisme, som ikkje fører til naturtap og masseturisme vegg i vegg med ein av Noreg sine viktigaste nasjonalparkar. Dette er uforsvarleg praksis, som verken tek hensyn til det sårbare dyrelivet i området eller naturforvaltning for framtida sine generasjonar. Det er på tide at naturen ikkje blir overkøyrd i jaget om evig økonomisk vekst, og at vi set pris på det sårbare økosystemet vi har rundt oss.