– Mange reknar med å vere ferdig vaksinerte ved feriestart, og trur difor det er uproblematisk å kjøpe utanlandsreiser no. Men det kan føre til ein økonomisk baksmell vi ikkje unner kundane våre, seier Andreas Bibow Handeland, kommunikasjonssjef i Europeiske Reiseforsikring, som er ein del av If.

– Utenriksdepartementets (UD) reiseråd gjeld framleis, og det er raudt lys i reisekartet. Kjøper du ei reise no, og det framleis er raudt ved avreise, får du ikkje gyldig forsikring viss du reiser. Og du får heller ikkje dekka avbestillingskostnadar. Ergo risikerer du å bli sittande igjen med rekninga for ein tur du aldri får dratt på, seier han.

Vaksinen gir ikkje automatisk gyldig reiseforsikring

Det er UDs reiseråd som legg premissane for kor ei reiseforsikring er gyldig og ikkje. Førebels er norske myndigheiter sparsame med opplysningar når det gjeld kva som vil skje med reiseråda etter kvart som nok nordmenn er vaksinerte, eller kva slags påverknad eit eventuelt vaksinepass i EU vil ha på reiseverksemda.

– Om ein er vaksinert eller ikkje har faktisk ingenting å seie for gyldigheita til reiseforsikringa. Dette er det UDs reiseråd som regulerer. Difor er vi veldig spente på korleis dette rådet vil bli påverka av vaksinesituasjonen framover, seier Handeland.

– I mellomtida er vi veldig opptekne av at kundane våre skal vite om den falske tryggleiken den dynamiske vaksinekalenderen gir. Det er vel og bra med ei optimistisk innstilling, men utruleg kjedeleg å betale titusenvis av kroner for ei reise du aldri får dratt på, held han fram.

UD bør lette på sløret

Europeiske Reiseforsikring meiner det er på tide at UD deler nokre av sine tankar rundt kva som vil skje med reiseråda på sikt.

– Vi trur det er mange som hadde sett pris på å vite litt om kva som er planen med reiseråda framover. Vil det bli lette for alle? Vil råda, og dermed reisekartet, bli tilpassa eit kommande EU-vaksinepass, slik at dei vaksinerte får reise? Kanskje er det på tide at UD lettar litt på sløret og delar nokre tankar eller moglege scenario, seier Handeland.