Gå til sidens hovedinnhold

Gje ungdomen ei hand

Meiningar Dette er eit debattinnlegg. Innlegget gir uttrykk for skribenten sine haldningar.

Kan du tenkje deg noko verre enn å vere ungdom og å ikkje få vere ungdom? Dei åra alle sansar står på maks og alle inntrykk er forsterka hundre gongar.

Det er etter kvart mange som no ropar varsku på vegne av ungdomen og opplevinga dei har av alle restriksjonane vi er pålagt grunna Covid-19. Som forelder ser eg med bekymring både på det eg les i media, men og det mine eigne born fortel. Det er mange som slit mentalt. Langt fleire enn før.

Eg må innrømme at eg og er lei av korona, men eg har fantasi nok til å skjøne at det må være uutholdeleg å være ungdom i desse tider. Rett nok er den gjengse norske ungdom privilegert her i verda, men det hjelper lite å ha materiell velstand når det sosiale livet vert sett på prøve med nye retningslinjer for sosial omgang kvar veke. Den formative sosiale omgangen som skal gje minnene ein har med seg resten av livet er underlagt store restriksjonar. Det er ikkje bra.

Vi skal alle følgje retningslinjene vi får frå styresmaktene. Når det kjem til helse bør vi lytte til fagfolk. Derfor må vi og ta inn over oss når fagfolk roper varsku om at fleire og fleire unge slit i den påtvungne kvardagen vi alle er del av i desse tider.

Der finst måtar å ha det kjekt innanfor gjeldande rammer av tiltak og restriksjonar.
Som vaksne bør vi legge til rette for at ungdomen får ein god kvardag og til og med kjekke helger. Det er lov å legge til rette utan sjølv å delta. Det er lov å ha skulekameratar på besøk. Gjer litt ekstra for dei. Lag ein middag.

Spør kva dei vil finne på og sjekk om det er mogleg å gjennomføre. Ver på tilbodsida. Spør korleis det går i gjengen. Kanskje er det ditt bidrag som gjev ein lysare kvardag. Kanskje blir ditt bidrag eit kjærkomment ungdomsminne for nokon.

Gje ungdomen ei hand, dei treng deg no.

Les også

Stor auke i talet på unge med psykiske lidingar

Les også

Det er fortsatt lettere å få hjelp for et brukket bein enn en knust psyke

Les også

Drikkevanane til Sofie og Emilie har endra seg i koronatida: – Vi er jo ikkje på fest lenger

Kommentarer til denne saken