Sommaren er høgsesong for giftarmål. Og i Flora kan du gifte deg nesten kvar du vil – til og med i ein grisefjøs.

FLORØ: Frå 1. januar 2018 vart borgarleg vigsle ei oppgåve for kommunane. Så no kan du gifte deg på rådhuset, Brandsøyåsen eller på Stabben fyr. – Eg har vigsla folk på kontoret mitt, på Ytterøyane fyr og i ein grisefjøs, fortel ordførar Ola Teigen.