Forskarar har funne ut at bildekk inneheld kjemikaliar som er svært giftig for fisk. Avrenning frå tunnelar og vegar kan derfor vere ei årsak til fiskedød i norske lakseelvar.

– Det er eit stoff i bildekk som kan reagere med ozon, og då blir det danna eit veldig giftig stoff, seier Roar Sandodden, seniorforskar innan miljø og smittetiltak ved Veterinærinstituttet til NRK Trøndelag.

I USA har det vore fleire episodar med laksedød. Ei undersøking viser at bildekk inneheld kjemikaliar som er livsfarleg for laks.

No ønskjer forskarar i NINA å finne ut om gifta frå bildekka kan vere ein fare for den norske laksen.

(©NPK)