Oppdrettsnæringa har tidlegare kritisert regjeringa for at dei tek utgangspunkt i normprisen på oppdrettslaks i forslaget til korleis grunnrenteskatten skal innrettast.

Ifølgje næringa stemmer normprisen, som blir sett av Nasdaq-børsen, ofte dårleg med den verkelege lakseprisen. Dette meiner dei kan føre til at nokre oppdrettarar betaler skatt for ei mykje større inntekt enn dei eigentleg har.

Overfor Dagbladets Børsen går Pollestad, som er fungerande leiar for finanskomiteen på Stortinget, langt i å love at normprisen likevel ikkje vil bli brukt som utgangspunkt.

– Det som må vere klinkande klart, er at det er den reelle prisen som skal gjelde, slår Pollestad fast overfor avisa.

Han vil førebels ikkje seie noko meir om korleis lakseprisen skal bereknast.

(©NPK)