Fullskala redningsøving på helikopterstyrt

Øving på katastrofehandtering.

Øving på katastrofehandtering. Foto:

Artikkelen er over 4 år gammel

Tenk deg at eit CHC-helikopter frå Florø-basen styrtar ved flyplassen i Florø. Då får kriseberedskapen vise kva den duger til.

DEL

Selskapet GDF Suez er sentrale i opplegget som skal testast ut i Florø den 15. september.

Her skal ein teste samarbeidsevnene til offentlege etatar og andre aktørar.

Scenario er følgjande:

Eit helikopter må naudlande i sjøen ved Florø flyplass. Helikopteret fra CHC hadde henta passasjerar frå Petrojarl Knarr (BG operatør) og Gjøa då det gjekk ned ved flyplassen. Politiet hadde ansvar for leiinga for skadestaden og mottak for pårørande blei oppretta på Quality Hotell Florø. 

CHC sine helikopter har base i Florø og fraktar arbeidarar ut til olje- og gassfelta i nærleiken.

CHC sine helikopter har base i Florø og fraktar arbeidarar ut til olje- og gassfelta i nærleiken. Foto:

Mellom 200 og 300 personar vil vere involvert i årets øving på alle nivå i beredskapsorganisasjonen.

- Vi ønskjer å legge opp til eit så realistisk scenario som muleg og då må flest mogleg delta, understrekar Stig Sandal, Leader Emergency Management i GDF Suez.

Han reknar med at koordineringsevnene i organisasjonen skal bli sett skikkeleg på prøve. Ei veke før øvinga har det vore gjennomført øving på skrivebordsnivå for å etablere ei felles forståing av øvinga og dei enkelte sine roller.

- Ved ein reell situasjon, er det avgjerande at partane har øvd i lag og forstår sine roller, ansvar og har kunnskap om tilgjengelege ressursar, seier Sandal.

Mange observatørar, både i Florø og på Forus i Stavanger, har vore med på å evaluere selskapets beredskapsorganisasjon og kapasiteten til å samarbeide med andre aktørar. På tysdag kjem sjølvaste eksamen, fullskala øving.

Artikkeltags