Får lysa dei har ropt etter

Brandsøy skule får dei nye lysa først.

Brandsøy skule får dei nye lysa først. Foto:

Av
Artikkelen er over 5 år gammel

Slik skal mørketida bli litt tryggare for skulelevar i Flora.

DEL

Flora kommune er i gang med å rigge opp såkalla intensiv-lyssetting ved fire av dei mest trafikkfarlege overgangane ved skulane.

– Vi har fått ein halv million kroner av vegstellet til dette. Vi har pengar nok til åtte slike lys: To ved Brandsøy skule, to ved Torvmyrane skule, og to ved to overgangar ved Krokane skule, fortel Sigmund Solheim, fungerande sjef for den tekniske drifta i Flora kommune.

I Brandsøy har bygdefolket ropt lenge om betre lys ved overgangen på fylkesvegen. Her kjem ny lyssetting først.

– Dette er same type lys som vegstellet no set opp i Kinnvegen. Vi har håp om å ha på plass dei nye lysa til mørketida set inn, seier Solheim.

– Vi får hjelp av konsulentar til å finne dei verste punkta. Det kan verte aktuelt å gå vidare med endå fleire punkt om vi får pengar til det, fortel Solheim.

Artikkeltags

Kommentarer til denne saken