Meiningar Dette er eit debattinnlegg. Innlegget gir uttrykk for skribenten sine haldningar.
Fleire melder seg på i kampen om ordførarklubba i Kinn. I Firdaposten på fredag kunne vi sjå at FRP sin Frank Willy hadde invitert “trollmannen” frå Os til Kinn for å gi han nokre gode råd på vegen. Vel, eg håpar Søviknes gav Djuvik nokre grunnleggjande, og gode råd i bruk av retorikk og hersketeknikkar.
Sjølv om vi i dei aller fleste saker er rivande ueinig, så meina eg personleg at Frank Willy kan ha nokre gode eigenskapar å ta med seg inn i kampen om klubba. I haust viste han god styringsevne og leia an i det tverrpolitiske arbeidet med budsjettforhandlingane. I kommunestyret på torsdag derimot, viste han ei anna og meir kjent side av seg sjølv, då han uttalte at “høgrefolk” berre kunne hoppe over ein gåselevermiddag, så hadde ein råd til ditt og datt.
I mangel på gode argument er det lett å ty til retorikk. Men er det så forbanna lurt? Det verker som om vi i Kinn-politikken ikkje klarer å angripe kvarandre sine argument med våre eigne argument. Vi har ei finurleg evne til gjere store deler av diskusjonen om til kranglar, og vi har, etter mitt syn ein altfor utbreidd kultur for å møte motargument med usmaklege kommentarar.
I løpet av denne kommunestyreperioden har eg høyrt politikarar omsnakka både innbyggarar og andre politikarkollegaer med ord som, “nasjonalistar”, “kommunistar”, “middelmådige”, “nokre sauebønder”, “glaningar”, “kaksar”, “florø-elite” osv. Dette er eksemplar på nokre sitat frå til dømes, debattar i førre valkamp, frå trådar i sosiale medium, frå samtaler oss politikarar imellom, men også frå kommunestyrets talarstol. Eg kunne sikkert fortsett slik ut i det vide og det breie.
Eg har undra meg over kvifor det er slik her? Eg har kontakta partikameratar og meiningsfeller i andre kommunar for å høyre om dei kjenner seg igjen i dette, og underleg nok så var det særdeles få som det gjorde. Eg har også følgt nokre kommunestyremøte i Sunnfjord kommune, og kan ikkje seie å ha høyrt slik utbreidd bruk av hersketeknikkar og negativt lada retorikk i det offentlege ordskiftet der.
For deg som har orka å lese så langt som hit, så har du sikkert lagt merke til at eg skriv “VI” og ikkje “DEI”. Det er fordi eg ikkje er uskyldig sjølv. Eg har sjølv kome ut for å uttale meg uheldig, og sei ting som eg har angra på i ettertid. Noko av det enda faktisk opp som tekstmateriale i låta mi “Styggen” Eg veit og at mange av mine partifeller i nasjonalpolitikken er langt frå uskyldige når det kjem til bruk av retorikk og hersketeknikkar. Eg er lei av begrep som «laksebaronar», «rikingar», og «skattesnytarar». Vi må kunne snakke om fordelingspolitikk, og skattlegging av rikdom og formue utan å ty til personangrep.
Eg meiner vi har eit kollektivt ansvar for å ivareta kvar andre i den politiske kvardagen.
Eg meiner vi har eit kollektivt ansvar for å seie ifrå når vi ser nokon går over streken, og eg meina vi har eit kollektivt ansvar for å vere gode forbilde.
Eg håpa den neste ordføraren i Kinn, kven det nå måtte bli, vil ha slike haldningar som utgangspunkt for sitt arbeid.