Gå til sidens hovedinnhold

Garden sitt program i Florø er klart

Fredag 20. august kjem Hans Majestet Kongens Garde til Florø. Publikum kan vente seg ei oppvisning i verdsklasse. HMKGs tredje gardekompani består av ein drilltropp og ein musikktropp og har deltatt på tattooar og oppvisningar over heile verda, mellom anna i Australia, Canada og Skottland.

Kva skjer i Florø?

HMKG skal marsjere frå Florøhallen til sentrum, og tilbake til stadion. Etter oppmarsjen skal HMKG ha drilloppvising på stadion.

Kl. 10.30 - Oppmarsj frå Florø ungdomsskule (Havrenesvegen, Stadionvegen, Lindheimvegen, Markegata, Torggata, Strandgata, Lindheimvegen, Havrenesvegen, Stadion)

Kl. 11.00 - Drilloppvising på Florø stadion.

Politiet har ansvar for trafikk i tidsrommet marsjen går føre seg

Les også

Garden kjem til Florø: – Reknar med folk er klare for show

Kommentarer til denne saken