Gang- og sykkelvegarbeidet blir likevel ikkje stoppa

I dette området skal sykkel- og gangvegen byggast- frå Breivika til Svelgen stadion.

I dette området skal sykkel- og gangvegen byggast- frå Breivika til Svelgen stadion.

DEL

Tidlegare i veka varsla Vestland fylkeskommune at dei frå og med denne helga ville legge bygginga av gang- og sykkelvegen melom Breivika og Svelgen sentrum på is. Grunnen var at entreprenøren Contexo har arbeidarar frå ulike delar av landet, og dei har permittert heile arbeidsstyrken sin.

– Men no når karantenetiltaket til kommunane i Sogn og Fjordane er oppheva, vil vegarbeidet i Svelgen starte opp att frå måndag morgon klokka 09.00, seier prosjektleiar Jon Harald Huseklepp i Vestland fylkeskommune. Sjå korleis gangvegen til Svelgen kan bli

Artikkeltags