Mannskoret Gammen skal i kveld halde sin første store konsert utanfor bygrensene. Dei har rett nok hatt ein konsert i Sunnfjordkatedralen i Naustdal for nokre år tilbake, men dei meiner kveldens konsert er for den første store konserten utanbys å rekne.
No skal dei entre den nye Larris Scene på Sunnfjord Hotell og dei gler seg.
– Vi er blitt ganske røynde etter kvart og vi meiner vi har ein skikkeleg musikalsk kompott der vi syng noko for ein kvar smak, seier Tor Hjalte i Gammen. Han er trygg på variasjonen og spennvidda i repertoaret dei skal vise førdianarane.
Saman med tangokvartett
Gammen reiser saman med kvartetten «Bella Tango» som består av Sanja Dukanac på Callo, gitaristen Jørn-Lasse Førde Refsnes, Inge Reksten på trekkspel i tillegg til at Ove Mjåtveit som faktisk skal spelar kontrabassen sin på heimebane i kveld.
Bella Tango skal spele litt for seg sjølve og i lag med Gammen på nokre nummer. Mellom anna nokre av shantyane til mannskoret.
Etter snart ti år i gamet kan vi vere så eplekjekke og seie at det ikkje er scener i Sogn og Fjordane som er for store for oss.
Tor Hjalte, Mannskoret Gammen
Mannskoret har verkeleg fått tak på Grieg etter Griegåret i fjor. Dei hadde også konsert saman med Florø Hornmusikk der Grieg var på repertoaret no i vår. Og dette stoffet ønskjer dei ikkje heilt å gi slepp på.
– Vi har øvd knallhardt dei siste veka, og no gler vi oss verkeleg til at folk skal få høyre oss, seier Hjalte.
Den nye storscena
At dei no står på Larris Scene, som er blitt den nye storscena i fylket, er noko mannskoret synest er stas.
– Vi kan vere så eplekjekke å seie at det er ingen scener her i fylket som er for store for oss. Vi er 10 år neste år, og då begynner vi å bli såpass røynde at vi takkar ja til det meste, seier Hjalte med glimt i auget.
Han fortel dei har hatt god rekruttering, men på tenorsida har dei hatt ei utfordring.
– Vi har berre eit par førstetenorar, så om nokre har ein mannsanger i magen er det berre å hive seg med. Timinga skulle vere god, for ved nyttår går vi inn i jubileumsåret, avsluttar Hjalte.
Dørene på Larris opnar 19.30 og konserten startar 20.00 i kveld.
Neste gong det er høve til å høyre Gammen er på Rådhusplassen 15.00 17. mai. Då er det nasjonalsongane som står på repertoaret.