Fylte kyrkja på årets mørkaste dag

Kristin Skau er dirigent for damekoret Fryd. Ho var inntil nyleg også dirigent for Gammen, men gav frå seg dirigeringa av koret til Eirik Husabø tidlegare i år. Alle foto: Maiken Aannevik Solbakken

Kristin Skau er dirigent for damekoret Fryd. Ho var inntil nyleg også dirigent for Gammen, men gav frå seg dirigeringa av koret til Eirik Husabø tidlegare i år. Alle foto: Maiken Aannevik Solbakken

Av
Artikkelen er over 3 år gammel

Søndag var det vintersolverv, og kvelden Fryd og Gammen inviterte til adventskonsert i Florø kyrkje.

DEL

Opplyst av stearinlys som blafra i trekken og eit glitrande juletre, trakk Fryd folk til kyrkja den siste søndagen i adventstida. Konserten vart lagt til det som og var årets lengste dag. Med seg hadde dei mannskoret Gammen og deira nye dirigent Eirik Husabø.

- Den fjerde søndagen er blitt vår faste konsertdag. Fryd kjem attende med ein ny konsert neste år og, seier dirigent Kristin Skau.

Husabø tok over

Det er første konserten Fryd og Gammen er saman att sidan Kristin Skau gav frå seg ansvaret for mannskoret tidlegare i år.

- Det følast veldig naturleg å ha med seg Gammen i kveld. Eg saknar jo sjølvsagt å dirigere desse flotte mennene. Men det er samtidig godt å nokre fleire frikveldar i veka, seier Kristin lattermildt.

 Det var komponist Eirik Husabø som tok over ansvaret for koret då Kristin kasta inn handkleet.

- Eg diggar arrangementa hans, og det han gjer er midt i blinken for Gammen. At vi kan halde fram med samarbeid er fantastisk. Kora passar godt saman, seier ho.

Vitae Lux

Torje Takle Winterthun var gjestesolist og song med si lyse, reine stemme  'Vitae Lux', eller 'Livets lys' som den heiter på godt norsk.

Passande for ein konsert den siste søndagen i advent var historia som vart lest opp. Det var orda i forteljinga  "Legenda om dei fire adventslysene" som fylte kyrkja når konserten gjekk mot slutten. Essensen i historia er at så lenge ein har håp kan alt ordnast, og ein kan finne attende tapt kjærleik, og både tru og fred.