FIRDA: Mai månad er tida for fest og feiring, og det viser igjen på helgas politilogg.

Slo seg vrang før blodprøve

Ved kaia som ligg ved utestaden Hjørnevikbua i Florø fann politiet natt til søndag ein fritidsbåt med ein kaptein som ikkje var edru. Vitne hadde sett han køyre båten.

– Politiet i Florø fekk eit tips frå publikum om at det var ein førar av fritidsbåt som var påverka ved kai i Florø sentrum. Mannen var på veg vekk frå kaia, men vart stoppa av politiet. Det vart gjennomført ein promillekontroll som gav utslag. Mannen, som var i slutten av tjueåra, vart aggressiv og begynte å sparke og slå då politiet skulle ta han med til legevakta for å ta blodprøve, fortel tenestestadsleiar ved Førde politistasjon, Dag Fiske.

Etter at blodprøven var tatt, vart mannen vist bort frå Florø sentrum og fekk forbod mot å opphalde seg der dei neste timane.

Urinerte ved Sunnfjord Hotell

I Førde vart ein ung mann oppdaga idet han urinerte like ved Sunnfjord Hotell rundt klokka 02.00 natt til søndag. Det vart eit kostbart toalettbesøk, politiet skreiv ut ei bot for hendinga.

Natt til laurdag ved 01. 30-tida skjedde det eit trafikkuhell ved Øyravegen i Naustdal. Det var ein mann i byrjinga av tjueåra som hadde køyrt inn i ei steinstøtte. Det var ingen andre involverte, og det blei ikkje oppretta sak av politiet, men mannen måtte køyrast til legevakt.

Det vart også arrangert Balejazz i Balestrand denne helga, og politiet var på plass. Ein kar skapte bråk og kvalme for publikum, men rakk å stikke av før politiet kom til staden.