Miljødirektoratet har tildelt Vestland fylkeskommune 12 millionar kroner til dekning av meirkostnader for hybridisering av fartøy ved konkurranseutsetting av nye lokalbåtsamband i Sogn og Fjordane. Det går fram av ei pressemelding frå Vestland fylkeskommune.

Fylkespolitikarane våre har vedteke å ta i bruk nullutsleppsteknologi på relevante fartøy og samband ved utlysing av nye båtanbod i Sogn og Fjordane, under føresetnad av at det kjem økonomisk støtte frå staten.

– Det er svært gledeleg å få støtte frå Miljødirektoratet. Dette har mykje å seie for prosjektet og i kor stor grad vi klarar å redusere utsleppa, seier fylkesordførar Jon Askeland i Vestland.

Han understrekar likevel at det framleis er langt fram til målet.

Mindre utslepp og reinare luft

– Vestland har vedteke å ta i bruk nullutsleppsteknologi, men vi er avhengige av at det statlege verkemiddelapparatet bidreg. Støtta frå Miljødirektoratet kan bidra til større utsleppskutt enn vi elles kan få til. Vi har òg søkt om mellom 145 og 285 millionar frå Enova til infrastrukturinvesteringar knytt til dei to rutepakkene for båt. Det er ikkje mogleg for fylkeskommunen å bere alle meirkostnadane knytt til nullutsleppsteknologi åleine, påpeiker Askeland.

Staten har så langt ikkje avklart korleis eventuelle krav til nullutsleppsteknologi skal påverke dei statlege overføringane til båtdrift.

Støtta frå Miljødirektoratet vil gå til investeringar i batteri og kraftelektronikk på fartøy.

– Med støtte til slike meirkostnadar kan dei hybridelektriske fartøya køyre ein større del av overfartane utan utslepp. Dette vil redusere CO2-avtrykket frå kollektivtrafikken i Vestland ytterlegare, seier Askeland.

Vestland fylkeskommune har ikkje gjennomført endeleg handsaming av kontraktsstrategi og forventa CO2-kutt.

Fire fylke får også pilot-midlar

I tillegg til desse midla har Miljødirektoratet tildelt 55,9 millionar kroner til eit fylkeskommunalt samarbeidsprosjekt for pilotering av nullutsleppsfartøy. Pengane skal nyttast til å utvikle utsleppsfrie fartøydesign. Samarbeidsfylka er Vestland, Trøndelag, Nordland og Troms og Finnmark fylkeskommunar.

– Utsleppsfrie hurtigbåtar vil krevje heilt ny skipsdesign og komponentar. Norsk leverandørindustri står klare til å bidra med miljøvenlege løysingar, men risikoen for fylkeskommunane som oppdragsgjevar er stor. Med økonomisk støtte frå staten kan vi senke risikoen og gjere utsleppsfri teknologi tilgjengeleg, seier Jon Askeland.

Saman med dei andre fylka ønskjer Vestland å leggje til rette for at nullutsleppsløysingane vert moglege å prissetje for leverandørane. Til dømes krev hydrogenteknologi tilpassing av fartøy for å verte tryggleiksgodkjend. Teknologien må takast i bruk i praksis før fylkeskommunane kan rekne med at reiarlaga tør å satse på slik teknologi i vanlege anbodskonkurransar. Å setje slike nye fartøy i drift vil også krevje endringar i rammeoverføringane frå staten til fylka.

– Pengane frå Miljødirektoratet gjer det mogleg å bestemme seg for endeleg fartøydesign og starte tryggleiksgodkjenninga, seier Jon Askeland.