Klokka 05.07 fekk politiet melding om eit ras på fylkesveg 614, aust for Nordalstunnelen.
– Det siste er at politiet er på staden og har sperra av vegen. Det er snakk om større steinblokker som har falle ned i vegen og dekker begge køyrefelt, seier Tom Johannessen, operasjonsleiar i Vest politidistrikt.
Entreprenøren har også vore på staden og sett på raset. Vegtrafikksentralen vest skriv på Twitter at oppryddingsarbeidet ikkje kan starte før det lysar, dette for å ivareta sikkerheita til mannskapet som skal arbeide.
Det vil bli gjort ei ny vurdering om vegen kan opne klokka 09.00.
Det er ikkje meldt om at nokon skal vere tekne av raset, skriv Vest politidistrikt på Twitter.
Har du bilde eller video frå staden? Send til [email protected], eller send det enkelt her.