Fylkesutvalet følger dermed opp stortingsvedtaka om krav til null- eller lågutslepp for alle nye ferjer og hurtigbåtar. Det betyr at Sogn og Fjordane vil vere først ut i Vestland med å få miljøvenlege snøggbåtar når kontraktane skal ut på nytt anbod i 2022.

Det skriv Vestland fylke på sine nettsider.

Vedtaket stadfestar også ambisjonane i tidlegare vedtak i fylkestinget i Sogn og Fjordane. Fylkesutvalet ber om at nullutsleppsteknologi skal innførast frå 2022, eller seinast 2024.

Rutepakke 2 og 3 i Sogn og Fjordane vert gjennomført med utlysing så raskt som mogleg slik dei var planlagt av administrasjonen i Sogn- og Fjordane, men med høve for justeringar i tråd med innspel som kom i høyringsprosessen som til dømes grad av hybrid.

For rutepakke 1 ønskjer fylkesutvalet å gjennomføre ein alternativ anskaffingsprosess, til dømes ein utviklingskontrakt, der målet er høve til nullutsleppsteknologi frå start av ny kontrakt frå mai 2022, og krav til det seinast innan 2 år inn i ny kontraktsperiode frå 1. mai 2024.

Fylkesutvalet legg til grunn at meirkostnadar som Vestland fylke vil få for å gå føre med gjennomføring av Stortingsvedtaka vil bli kompensert med auka midlar i inntektsramma til fylka.

Forslaget vart vedteke med dei 13 røystene til Sp, A, H, KrF, MDG, SV og V. Mindretalet på fire, Frp og FNB, røysta for tilrådinga til fylkesrådmannen om at dei nye miljøanboda i Sogn og Fjordane vert gjennomført som ein tostegs prosess der drifta i ein overgangsperiode vert løyst med separate kontraktar med konvensjonelt drivstoff for deretter å bli erstatta med kontraktar med låg- og nullutsleppsløysingar i perioden 2024–2026.