Fylkesrådmannen vil utsette Svelgen-Indrehus: – Dette blir den viktigaste kampen for kysten på fleire tiår

MANAR TIL KAMP: Styreleiar i Kystvegen Ålesund-Bergen, Frank Willy Djuvik, oppmodar politikarar og næringsliv langs kysten til å mobilisere for dei to prosjekta.

MANAR TIL KAMP: Styreleiar i Kystvegen Ålesund-Bergen, Frank Willy Djuvik, oppmodar politikarar og næringsliv langs kysten til å mobilisere for dei to prosjekta. Foto:

FLORØ: Styreleiaren i Kystvegen Ålesund-Bergen ber kystkommunane mobilisere alt dei kan for å hindre minst fire års utsetting av Atløysambandet og Svelgen-Indrehus.

DEL

Fylkesrådmann i Vestland, Rune Haugsdal, foreslår å utsette begge dei to prosjekta langs kysten grunna den stramme økonomien i fylkeskommunen.

I arbeidsdokument 2/2020 Økonomiplan 2021–2024 foreslår han å utsette realiseringa av både Atløysambandet og delstrekninga Svelgen-Indrehus på Kystvegen Måløy-Florø. Forslaget er at desse vert utsett frå 2021 til 2024, og då berre med mindre startløyvingar i 2024, som ikkje medfører oppstart før i 2025.

Manar til kamp

Saka skal handsamast av det fylkeskommunale finansutvalet torsdag 28. mai. Styreleiar i Kystvegen Ålesund-Bergen, Frank Willy Djuvik, oppmodar politikarar og næringsliv langs kysten til å mobilisere for dei to prosjekta.

– Dette vert den viktigaste kampen for kysten på fleire tiår. Om desse prosjekta no vert skubba fleire år fram i uvisse, så vert det svært vanskeleg å kjempe dei inn igjen seinare, seier han.

I ei pressemelding frå Kystvegen Ålesund-Bergen syner Djuvik til den årelange kampen ein har hatt for å få desse to prosjekta inn på investeringsprogrammet, noko som endeleg vart ein realitet då Fylkestinget i Sogn og Fjordane vedtok å legge prosjekta inn i Regional Transportplan i desember 2017.

Ein er no midt inne i detaljreguleringsarbeidet for begge dei to prosjekta. Reguleringsplanen for Atløysambandet vart sendt på høyring for nokre dagar sidan, og skal vedtakast tidleg i haust. For Svelgen-Indrehus ventar ein på avklaring av dei kostnadsreduserande tiltaka som skal handsamast av fylkestinget i Vestland i juni, før ein vert ferdig med detaljreguleringa. Planen er at ein skal ha eit ferdig vedtak i løpet av vinteren. Begge prosjekta låg inne i Vestland fylke sitt investeringsprogram med startløyving i 2021,51,3 millionar til Atløysambandet og 157,3 millionar til Svelgen-Indrehus.

– Vi må mobilisere

Djuvik seier han har kontakta ordførarane i kommunane Kinn, Bremanger og Askvoll, samt leiaren i Kystrådet, og bedt om at ein no mobiliserer alle gode krefter på kysten for å overtyde politikarane i finansutvalet om å ikkje utsette prosjekta.

– Alle må bidra til å overtyde fylkespolitikarane om å ikkje følge tilrådinga frå fylkesrådmannen. Realiseringa av desse to prosjekta er heilt avgjerande for å komme i gang med å styrke infrastrukturen og kommunikasjonane langs kysten av Vestland, og ei utsetting vil medføre ei utsetting av også andre viktige vegprosjekt langs kysten, seier Djuvik.

Vestland fylkeskommune har store økonomiske utfordringar, og førebelse rapportar syner at ein kan få et negativt budsjettavvik på rundt 700 millionar for 2020. Utsettinga av dei to prosjekta kjem som eit resultat av at fylkesrådmannen foreslår å ta opp mindre lån i tida framover. Atløysambandet er kostnadsrekna til 1060 millionar, medan Svelgen-Indrehus er kostnadsrekna til 1430 millionar.

Djuvik på si side meiner at overforbruket i fylkeskommunen i liten grad er knytt til investeringar, men heller auka kostnader for nye nullutsleppsferjer i tidlegare Hordaland, og inntektssvikt på kollektivfeltet grunna covid19- utbrotet.

– Desse prosjekta er svært viktige å få realisert for framtidig verdiskaping og framtidige skatteinntekter til fylkeskommunen. I tillegg er dette prosjekt som kan bidra til å halde anleggsbransjen i sving i åra framover, då dei er av ein størrelse som er svært attraktive for norske bedrifter. Atløysambandet kan i realiteten og verte gratis for fylkeskommunen, då ein i desse dagar jobbar med å forbetre ferjeavløysingsordninga for fylkesvegferjer i samband med handsaminga av kommuneproposisjonen på Stortinget, seier han. Kystvegen Ålesund-Bergen vil no ta kontakt med alle politikarane i finansutvalet med informasjon om dei to vegprosjekta og deira viktigheit for utviklinga av kysten, framtidig folketalsvekst og auka verdiskaping, og håpar fleire gjer det same.

– No må vi vise at kysten klarer å stå samla om viktige samfunnsspørsmål og prioriteringar, og jobbe saman for å få Atløysambandet og Svelgen-Indrehus realisert.

Artikkeltags