Fylkesmannen trappar opp forureiningstilsyn

Artikkelen er over 1 år gammel

Fylkesmannen vil gjennomføre heile 55 tilsyn i år, og viktige tema vil vere prioriterte miljøgifter, handtering av farleg avfall og kjemikaliar, samt utslepp forureining og internkontroll.

DEL

I år vil også marin forsøpling og vedlikehald vere tema på alle tilsyn.

Tilsyna skal vere risikobaserte og Fylkesmannen skal fokusere på dei viktigaste miljøutfordringane. Det innebér mellom anna at ein skal kontrollere der det er mest truleg at det er alvorlege brot på regelverket, og der dette har størst verknad på miljøet.

"Vi skal reagere raskt på alvorlege brot og følgje opp tips om ulovlege miljøskadelege tilhøve", heiter det hos fylkesmannen.no

Det skal gjennomførast ein aksjon mot farleg avfall, ein mot pukkverk, inkludert returbetong, avfallshandtering frå sjukehus, laboratorier og forskingsinstitusjonar, pluss ein aksjon retta mot næringsmiddelindustri, slakteri og fiskeforedlingsverksemder. Aksjonen mot mottaksanlegg for farleg avfall er allereie i gong.

Fylkesmannen skal òg gjennomføre 3 kommunetilsyn med korleis kommunane utøvar sitt mynde når det gjeld forureina grunn.

Artikkeltags