Gå til sidens hovedinnhold

Fylkesmannen: Kinn bryt sosialtenestelova

Fylkesmannen har hatt tilsyn ved NAV Kinn.

Det var NAV Kinn si behandling av søknader om økonomisk støtte til menneske med forsørgaransvar som blei ettergått i dette tilsynet.

Det var Måløy24 som først omtalte saka.

Og etter at Fylkesmannen har gått gjennom dokumentasjonen dei har fått frå kommunen og intervjua medarbeiderar, kom ein til den førebelse konklusjonen at Kinn kommune ikkje sikrar at vedtak om økonomisk støtte til denne gruppa bygger på forsvarlege kartleggingar og vurderingar av søkaren sine behov.

I følge sosialtenestelova skal NAV vurdere konkret og individuelt kva som finst av grunnlag for å yte støtte, og det er denne vurderinga som skal vere grunnlag for vedtak.

I Fylkesmannen sin rapport kan ein mellom anna lese at behova til søkarane og barna deira ikkje blir godt nok kartlagde før vedtak blir gjort.

"Manglande dokumentasjon av søkarens og barnas situasjon og behov på søknadstidspunktet, gjer at kommunens leiing ikkje kan vite sikkert om søkarane har fått naudsynt hjelp frå NAV", heiter det.

Kinn kommune har fått frist til 15. januar med å svare på Fylkesmannen sin rapport.

Kommentarer til denne saken