Fylkesmann Lars Sponheim har no sendt si tilbakemelding på Kinn kommune sitt budsjett 2020 og økonomiplan for 2020-2023. Sidan Kinn ikkje er i Robek, er ikkje kommunen underlagt statleg kontroll og godkjenning. Fylkesmannen får difor budsjettet kun til orientering, og har sendt sine kommentarar på dette.

– For alle kommunane kontrollerer Fylkesmannen at budsjett og økonomiplan er i balanse, og at det ikkje er budsjettert med uspesifiserte innsparingar. Dette brevet er ei tilbakemelding om korleis Fylkesmannen vurderer kommunen sin økonomi og utviklinga slik den er planlagt i budsjett og økonomiplan, skriv fylkesmannen i brevet.

– Ved inngangen til sitt første budsjettår har Kinn kommune ein stram økonomi. For å skaffe kommunen eit handlingsrom, blir det nødvendig å gjennomføre tiltak som reduserer utgiftene og aukar inntektene, kommenterer Sponheim.

Dersom fylkesmannen hadde vurdert at budsjett og økonomiplan ikkje var i tråd med lovverket, kunne han meldt kommunen inn i ROBEK og/eller sendt budsjett og økonomiplan i retur til kommunen for ny handsaming. Men dette har fylkesmannen altså ikkje gjort.

Fylkesmannen påpeikar at det først og fremst er kommunestyret som gjennom sitt vedtak har ansvar for at budsjett og økonomiplan oppfyller kravet om realisme. I dette ligg det òg at kommunane følgjer eit forsiktigheitsprinsipp i budsjettering av inntekter, særleg gjeld dette der inntekter må vurderast som usikre, t.d. der det ikkje ligg føre ekstern dokumentasjon, skriv fylkesmannen.

– For Kinn gjeld dette først og fremst inntekter frå Havbruksfondet og utbytte frå SFE A/S. Det er i gjennomsnitt budsjettert med låge netto driftsresultat i økonomiplanperioden. Det betyr at den frie eigenkapitalen i mindre grad blir styrkt. Frå ei alt høg lånegjeld er Fylkesmannen uroa for at det er planlagt ein vidare sterk auke. Dette får konsekvensar for det økonomiske handlingsrommet, særleg om det skulle skje ein større auke i renta enn det som er lagt til grunn i kommunens budsjettering, kommenterer han.