Fylkeslege Helga Arianson opplyser til NRK at dei kjem til å opprette ei tilsynssak etter knivstikkinga i Svelgen tysdag.

Arianson seier at ho per no ikkje har nok informasjon til å uttale seg om saka, og det faktum at kvinna verken vart innlagt eller fengsla sjølv om både politi og helse har visst om situasjonen til kvinna over tid.

På spørsmål frå NRK om kven som har ansvaret for at det gjekk som det gjekk, svarar ho dette;

– Det er noko det vi skal prøve å undersøke ved å gjennomgå hendinga og tilbodet kvinna har fått og får.

Ifølge rettsboka frå fengslingsmøte i Sogn og Fjordane tingrett bur kvinna i eigen bustad, men får tilsyn fire gonger for dagen. Ho flytta til Svelgen for kort tid sidan, men ønsker sjølv ikkje å bu der.

Ho har den siste veka vert framstilt for psykiatrisk vurdering fleire gonger, grunna fleire episodar i Svelgen. Men kvar gong har Helse Førde konkludert med at kvinna ikkje er psykotisk.

Politiet ville fengsle kvinna, men tingretten meinte ho var for sjuk. Få dagar etter knivstakk ho to personar.