Fylkesbudsjettet for Vestland: – Kystvegen skal byggast!

Svein Olav Senneset, ordførarkandidat for Venstre.

Svein Olav Senneset, ordførarkandidat for Venstre. Foto:

Det er no politisk fleirtal for at fylket skal gå vidare med bygginga av Kystvegen Florø-Måløy, seier Alfred Bjørlo (V).

DEL

- Vi er svært nøgde med at Venstre saman med samarbeidspartia i Vestland fylke (Ap, Sp, Venstre, Krf, MDG og SV) har fått rydda all tvil av vegen: Kystvegen Florø-Måløy skal byggast, og arbeidet med Svelgen-Indrehus som første delstrekning skal starte raskare enn Fylkesrådmannen la opp til. Dette har vore ei viktig sak for Venstre, som vi er glade for å ha fått gjennomslag for i Vestland fylke.

Det seier Venstre sin medlem i Fylkesutvalet i Vestland, Alfred Bjørlo.

Fylkesrådmannen hadde i praksis skubba Svelgen-Indrehus heilt ut av Økonomiplanen i Vestland 2021-2024. I fellesframlegget frå Venstre og samarbeidspartia i Vestland, som har fleirtal i Fylkestinget, er det no avsett midlar til startløvying til Svelgen-Indrehus i 2023, med påfølgande større løyving i 2024. Dermed er prosjektet sikra oppstart.

- Det er enormt gledeleg at Venstre og samarbeidspartia no sikrar ei reell startløyving for Svelgen-Indrehus. Endeleg! Dette markerer starten på ei ny tidsrekning for vår region, seier Svein Olav Senneset i Bremanger Venstre.

- Kystvegen Måløy-Florø handlar om å bygge kysten tettare saman, slik ein har gjort for årevis sidan i fylka nord og sør for oss, seier Venstres gruppeleiar i Kinn, Jacob Nødseth.

– Dei krøtterstiane vi har i dag er forseinkande og utrygge, og hemmar dei som vil skape verdiar og arbeidsplassar. No er vi eitt steg nærare ein vegstandard som er tilpassa verdas rikaste land anno 2020, dagens tryggleiksstandard og det store potensialet som bur i vår region. Vi er svært glade for at Vestland Venstre og samarbeidspartia held fanen høgt for dette, seier Jacob Nødseth.

Artikkeltags

Kommentarer til denne saken