Vil fikse veg etter «Berge-metoden»

PIKANES-SVINGEN:  Denne 180-graders svingen i Pikaneset står på «to-do-lista» som kommuneingeniør Gunnar Yrehus har foreslått som eit minimum for vegutbetring på Fv 616 i ytre Bremanger. Den har ikkje av den aller smalaste vegbreidda, men at den går kring 180 grader kjem overraskande på mange besøkande.  Foto: Arve Solbakken

PIKANES-SVINGEN: Denne 180-graders svingen i Pikaneset står på «to-do-lista» som kommuneingeniør Gunnar Yrehus har foreslått som eit minimum for vegutbetring på Fv 616 i ytre Bremanger. Den har ikkje av den aller smalaste vegbreidda, men at den går kring 180 grader kjem overraskande på mange besøkande. Foto: Arve Solbakken

Av
Artikkelen er over 4 år gammel

BREMANGER: Den legendariske vegvoktaren Berge Dalsbotten fiksa i si tid vegen med små midlar.

DEL

No inviterer kommunen til spleiselag for å fjerne flest mogleg knipetak. Med ein høgst smålåten prislapp på sju millionar kroner, kjem kommunen med ein konkret tiltakspakke.

Trafikkauke

Etter Bremanger 2-opninga har trafikken auke kraftig på strekninga Oldeide-Kalvåg (Fv 616) og på sidevegen til Grotle (Fv 571).
I februar 2014 var det eit møte i Kalvåg mellom Statens vegvesen, kommunen og fylkeskommunen. Strekninga er ikkje del av noko prioritert liste for vegutbetringar, men det blir arbeidd for å få til eit prosjekt for å fjerne dei aller verste knipetaka. Forretningsmannen Svein Inge Fosse i Kalvåg har tilbydd seg å skaffe to millionar kroner til prosjektet.

«Berge-metoden»

– Eg har fått i oppdrag av ordførar Karl Vidar Førde å lage eit prosjektoverslag, som skal vere eit grunnlag for å ta saka vidare opp med fylkeskommune og Statens vegvesen, fortel ingeniør og driftssjef Gunnar Yttrehus i Bremanger kommune til Firdaposten.
Den legendariske vegvoktaren Berge Dalsbotten gjekk kanskje tidvis utover sine fullmakter då han gjorde ein innsats langt utover det vanlege i vegvesenet. Han ordna med små trafikale tiltak via sprenging og utviding av vegen.
Gunnar Ytrehus har vore på befaring og foreslår ein konkret tiltakspakke.
tiltakspakken

1. Hamrøybrua ved Kalvåg og Trongesundet. Sprenging-fylling, fiksing av stikkrenner, grøfter og skråningar. Byggetid 2-3 månader. Prislapp: 3,6 millionar.2. Dalevatnet og Pikaneset. 180-graderssvingen er rekna som den største jobben her. Her kan ein ta sprengmasse til å lage fleire møteplassar langs Dalevatnet. Lenger aust må ein gammal steinmur fjernast for å utvide vegen. Tre månader byggetid- prislapp 2,0 mill. 3. Strekninga mot Oldeide-tunnelen er utfordrande særskilt for tungtrafikken som ofte sit fast her på vinteren. Her trengst det sprenging, fylling og utviding av vegen og utretting av svingar. Byggetid 2-3 månader og prislapp på 1,4 mill. kroner.

Artikkeltags