Brøytebil vart offer for smal veg

Brøytebil blei også offer for smale vegar ved Dalevatnet - Fv 616. Foto: Kåre Magne Hauge
Laurdag sklei ein brøytebil av vegen på FV 616.
Laurdag i 13-tida sklei ein brøytebil av vegen på Nærbøen ved Dalevatnet i Bremanger. Dette er ei strekning med relativt bein veg og god oversikt, men bilar har vanskar med å passere kvarandre grunna manglande møteplassar.
Lastebilen trong assistanse for å komme seg på vegen igjen og i samband med det blei vegen stengd ein periode.
Seinast den 12. desember var det full stogg i trafikken i mange timar på denne vegen då to lastebilar blokkerte trafikken ved Langeneset ved Dalevatnet-.
Det førte til at innsamlingsaksjonen for vegutbetring blei sett i gong for fullt, og det er no samla inn over 1,2 millionar kroner. Det trengst to millionar kroner frå lokalsamfunnet for å løyse ut eit spleiselag med fylkeskommunen og kommunen. Det kan utløyse eit prosjekt på sju millionar for å utbetre dei verste flaskehalsane.