Kom seg ut av brennande bil

Artikkelen er over 1 år gammel
DEL

Ein person kom seg uskadd ut av bilen då den begynte å brenne i krysset ved Rv 5 og Fv 614 på Grov i Flora måndag morgon i 7-tida. Brann og politi rykte ut til staden og brannvesenet sløkkte brannen effektivt.

Denne natta fekk politiet også melding om at det stod full fyr i innbyttarbenken på kunstgrasbana i Høyanger. Meldinga kom inn klokka 23.47.

Artikkeltags