Olefine (97) reiser ikkje heim frå sjukeheimen frivillig

I ein alder av snart 97 år har Olefine Eikefjord blitt sjukeheimsokkupant. Det har ho vore dei siste fire vekene, etter at ho først kom til Furuhaugane omsorgssenter etter eit ni dagar langt sjukehusopphald.

I ein alder av snart 97 år har Olefine Eikefjord blitt sjukeheimsokkupant. Det har ho vore dei siste fire vekene, etter at ho først kom til Furuhaugane omsorgssenter etter eit ni dagar langt sjukehusopphald. Foto:

Artikkelen er over 2 år gammel
DEL

– Eg har ikkje lyst til å reise heim att, og eg har sagt til personalet her på Furuhaugane omsorgssenter at skal dei ha meg ut herifrå, må dei bruke makt. Eg dreg ikkje herfrå med eiga vilje, det er sikkert og visst.

I ein alder av snart 97 år har Olefine Eikefjord blitt sjukeheimsokkupant. Det har ho vore dei siste fire vekene, etter at ho først kom til Furuhaugane omsorgssenter etter eit ni dagar langt sjukehusopphald.

– Her kjenner eg meg trygg

Olefine høyrer godt, men slit med pusten, er nesten blind og har hjartesvikt. Dei siste åra har det vore inn og ut av sjukehus.

– No er det berre snakketøyet og hovudet som fungerer som det skal. Resten er skrøpeleg. Eg er 97 år. Kroppen min er utsliten, så det er på tide å komme seg på sjukeheim. Her på Furuhaugane får eg fantastisk god omsorg og pleie, og det er triveleg å vere her. Og viktigast av alt, her kjenner eg meg trygg, seier Olefine.

Ho har søkt om sjukeheimsplass fleire gonger, men fått avslag kvar gong. Kommunen meiner nemleg ho er frisk nok til å bli sendt heim til omsorgsbustaden sin i Florø sentrum, der ho bur med sin jamgamle ektemann Randulf Eikefjord. Der har dei tilbod om heimehjelp, men resten av dagen må dei to klare seg sjølv. Det er Olefine tydeleg på at dei ikkje greier.

– Eg har problem med å komme meg frå rullestolen over i senga om kvelden, og opp att neste morgon. Eg klarar ikkje opne skuffer og skap lenger, og det er generelt veldig vanskeleg å bu heime. Randulf gjer så godt han kan, men han er dårleg i ryggen, høyrer dårleg og hugsar endå mindre. Det er ikkje vondt meint, men eg kan ikkje stole på at han er der skulle noko gå gale med meg, seier Olefine før ho legg til:

– Det er denne utryggheita som gneg mest, den er ikkje til å leve med.

Utkastinga utsett

I eit brev frå Flora kommune står det svart på kvitt at ho er ferdig på Furuhaugane omsorgssenter måndag 15. mai, same dagen som Firdaposten er på besøk. I brevet står det kort og godt at det «er vurdert at du no kan reise heim med oppfølging frå heimetenesta. Du bur i tilrettelagt omsorgsbustad [ ...] i lag med din ektefelle. De har dagleg oppfølging og bistand frå heimetenesta og det vil vere mogleg å auke opp tilbodet etter at du kjem heim». Det har Olefine lita tru på; det er vanskeleg å bu heime. Og ho er budd på å kjempe med det ho har for å få bli på Furuhaugane. Men like før Firdaposten kjem på besøk på sjukeheimen, vart ho munnleg orientert om at utsendinga er utsett, og at kommunen skulle sjå nærare på saka.

I Flora kommune er det Tildelingsnemnda som handsamar søknadene om sjukeheimsplass, ut frå kriterium og prinsipp sett av bystyret. Søknadene blir vurdert grundig ut frå ei individuell og konkret kartlegging, fortel leiar Elisabeth Norman Leversund i Tildelingsnemnda. I søknadar som gjeld langtidsopphald i institusjon vert det oftast gjort grundig og tverrfagleg kartlegging av til dømes lege, heimetenestene, korttidsavdeling, fysioterapeut og eller ergoterapeut.

Teieplikt

Leversund vil ikkje uttale seg om Olefine si konkrete sak, ut frå teieplikta.

– Men på generelt grunnlag, er det vanskeleg å få sjukeheimsplass i Flora kommune om ein ønsker det sjølv?

– Det er behovet til den einskilde som skal styre, men vi er samstundes ei heimetenestekommune. Det er med andre ord veldig tilrettelagt for at ein skal kunne klare seg i ein omsorgsbustad. Flora kommune kan ikkje gi avslag ut frå kapasitet. Dersom ein pasient/brukar fyller kriteria for langtidsopphald og har behov for dette må kommunen syte for slik plass, eventuelt bemanne opp i heim fram til slik plass står klar. Flora bystyre har vedteke at flora kommune er ein heimetenestekommune og er dimensjonert for at ein skal kunne yte bistand i heimen eller i tilrettelagt omsorgsbustad gjennom heile døgnet, svarar Leversund.

– Men om ein sjølv seier ein er utrygg i omsorgsbustad og heller vil bu på sjukeheim, er terskelen høg for å få det ønsket innvilga?

– Det er behovet til den enkelte som avgjer. Ein må ha eit omfattande, døgnkontinuerleg behov som ikkje kan oppfyllast tilstrekkeleg i eigen heim for å få innvilga eit langtidsopphald. Alle sakene skal vurderast individuelt og konkret og pasient/brukar skal bli høyrt i saka. Men som sagt held vi oss til prinsipp og kriterium som er sett av bystyret, og slik dei dimensjonerer tilbodet i Flora kommune, seier Leversund men strekar under:

– Når det er sagt har alle klagerett på vedtak. Her er Fylkesmannen klageorgan. Fylkesmannen kan stadfeste kommunen sitt vedtak, eller gjere det om. Dei kan også be kommunen vurdere saka på nytt, seier ho.

Ho legg også til at kommunane kan vere ulikt organisert. Nokre kommunar satsar på institusjon, medan andre har godt utbygde heimetenester.

– Dette er politiske val.  I Flora har ein vedteke at vi skal vere ein heimeteneste-kommune og legge til rette for at folk skal klare seg lengts mogleg i eigen heim, eventuelt ein tilrettelagt omsorgsbustad. Behovet i befolkninga kan variere og i periodar vil presset på ulike opphald i institusjon vere høgt. Eg syns at politikarane følgjer tett opp og er raske med å finne løysingar på slike utfordringar, mellom anna slik dei gjer det no, med fleire hyblar i sokkeletasjen på Furuhaugane samt utgreiing av fleire plassar på Flora omsorgssenter, seier Leversund.

Artikkeltags