Nora blei rundlurt

Nora Oleanna Sårheim hadde akkurat framført den sterke kjærleikssongen "Sommarnatt ved fjorden" til foreldra, då ho blei overraska med stipend. Då rant det over for både henne og opphavet.

Nora Oleanna Sårheim hadde akkurat framført den sterke kjærleikssongen "Sommarnatt ved fjorden" til foreldra, då ho blei overraska med stipend. Då rant det over for både henne og opphavet.

Artikkelen er over 3 år gammel

Det tente ho 50.000 kroner på.

DEL

Nora Oleanna Sårheim var lokka heim til Florø for å synge i moras 50-årsdag, men då dei siste tonane av "Sommarnatt ved fjorden" av Ketil Bjørnstad tona ut, kom den eigentlege grunnen for ein dag.

Ante ingenting

Ho stod saman med foreldra - Heidi og Helge Sårheim - då regionbanksjefen i Sparebanken Sogn og Fjordane - Ole Aukland - tok ordet.

Påvegner av Sparebankstiftinga overrekte Aukland Furorestipendet på 50.000 kroner til den unge operasongaren.

Først såg ho forvirra ut, så kom tårene. Også foreldra måtte opp med handbakane for å stogge tårenes ferd over kinna.

- Vi er heilt sikre på at du vil bli ein sentral og synleg person i operamiljøet framover, sa Aukland då han overrekte sjekken og blomster til ein tydeleg overraska 24-åring.

- Eg ante verkeleg ingenting, seier Nora tårevåt til Firdaposten etterpå.

- Dette er det beste som kan skje i mitt yrke. At nokon set pris på det eg gjer og vil satse på meg.

Sjeldan høgt stipend

Berre ein gong tidlegare har Aukland delt ut eit så stort Furorestipend. Den gongen gjekk det til Martine Røys Fosse på kokkelandslaget.

- Vi er imponerte over Nora. Ho held eit svært høgt nivå som utøvande songar og har utvikla stor breidde i reperstoaret sitt. Ho er målretta, seier Aukland.

Nora er masterstudent ved Griegakademiet. Der kallar dei henne ein viktig ressursperson for alle studentane ved akademiet, og ho får skryt for evna til å organisere og leie ulike prosjekt.

- Det lovar godt for utviklinga av eit lokalt operamiljø gjennom OperaKysten som Nora var med og skipa tidlegare i år, seier Aukland.

- Vi ønsker henne lukke til på vegen vidare mot ein nasjonal og internasjonal karriere.

Artikkeltags