Full fyr i "Minkfarmen" i natt

FULL FYR: Her i dette husveret var det full fyr i natt.

FULL FYR: Her i dette husveret var det full fyr i natt. Foto:

Klokka 02.00 fekk politiet melding om brann i eit rekkehus i Havrenesvegen i Florø. Det vart slått full alarm og heile brannkorpset i Florø og Eikefjord vart kalla ut.

DEL

– Det var fyr i taket og kledninga på veggen. Eg slo full alarm og fekk også ut brannmannskapet i Eikefjord til å bistå i tillegg, seier Robert Endestad.

Alarmen gjekk 01.59 med melding om brann ved Mix-kiosken i Havreneset, noko som visste se å vere feil. Brannen var i eit av rekkehusa sør for krysset til Nordnesvegen i husa som på folkemunne blir kalla "Minkfarmen".

Beredskapsleiar i Kinn Kommune, Robert Endestad var sjølv den første på staden. Då hadde nokre jenter banka på dører og fått evakuert dei som budde i leilegheitene ved sidan av den som brann.

– Eg fann ut at det var betre å vere oversterke i starten, seier han.

På det meste var det 25 brannmenn i sving. Den første bilen fekk tatt kontroll over flammane, den neste sende røykdykkarar inn som søkte og sikra at det ikkje var folk i bustaden.

– Vi fekk kontroll tidleg og eg vil påpeike at det var gjort ein meget god innsats av mannskapet, seier ein stolt Endestad til Firdaposten.

Dette var også første gang den nye liften til Florø Brannvesen vart nytta.

Artikkeltags