Uvanlege gjester i Ålfoten

Eit tranepar har dei siste vekene hatt tilhald i Ålfoten i Bremanger.

DEL

Det fortel Rune Ripe, som har teke desse flotte bilda.

Dei to tranene har hatt tilhald i området i om lag to veker, og onsdag fann dei ut at dei ville sjekke ut bygda òg, fortel Ripe.

Trane er ein veldig stor fugl, er rekna som ein kortdistansetrekkfugl, og den er på den internasjonale raudlista over truga dyreartar. Den har status som «livskraftig» på denne lista.

Ifølge Wikipedia måler tranene typisk 95–120 cm, og vegar om lag 4,5 til 6,1 kilo. Enkeltindivid kan bli så høge som 130 cm. Dei har eit vengespenn på 180–200 cm. Den er kjend for sitt høge trompetskrik, som kan bere fleire kilometer. Typisk for tranen er at den skrid roleg av stad på ein majestetisk måte, skriv Wikipedia.

Traner har ikkje vore eit vanleg syn her på Vestlandet. I hekketida er den mest utbreidd i Russland, Sverige og Finland. Det er mange hekkeplassar rundt Østersjøen, og i Norge finst dei hovudsakleg i Trøndelag og på Austlandet, der dei gjerne hekkar i myr. Dei kjem vanlegvis til Norge i mars-april.

Dei siste åra har fuglen hatt ein kraftig tilvekst i Norge, og den kan no hekke heilt ned til kystområda, ifølge Norsk ornitologisk forening.

Tranene er vanlegvis territorielle fuglar som er trufaste mot sine tradisjonelle hekkelokalitetar. Dei fleste fuglane er allereie etablerte par, og vil benytte seg av sine gamle revir og hekkeområde. Dei legg vanlegvis to egg tidleg i mai, eller så raskt snøsmeltinga tillet det.

Artikkeltags