Tale, fanfare og snorklipp på Dosabu

Frå byggearbeidet med Dosabu på fjellet vest mot havet på Frøya.

Frå byggearbeidet med Dosabu på fjellet vest mot havet på Frøya. Foto:

I morgon, søndag 29. september, opnar den spektakulære utkikshytta Dosabu på Frøya.

DEL

– No er ventetida endeleg over. Klokka 14 opnar vi Dosabu med tale, fanfare og snorklipp, fortel Jannike Brenden Frøyen i Idrettslaget Frøy.

Ho ser heller ikkje vekk i frå at det kan vanke svele og kaffi også for dei som tek turen. Ein fottur frå Kalvåg til Dosabu er rekna til to timar, medan start på Nesje vil halvere denne tida.

Byggefirmaet Stormbygg har hatt ei spanande tid med bygging i ekstreme omgjevnader.

– Vi håpar på at godveret held seg. Uansett vil hytta opne for turglade besøkande og folk i nærområdet . Eg håpar at mange tek turen opp for å dele denne augneblinken med oss, seier Frøyen.

Artikkeltags