Frøya og Andrine sender florarussen på dør

AKSJONERER: Andrine Stusdal Melvær og Frøya Hopen Eliasson er aksjonssjefane i Florarussen 2018. Måndag sender dei russen ut på døra di med bøsser for å samle inn pengar til inntekt for Kreftforeninga.

AKSJONERER: Andrine Stusdal Melvær og Frøya Hopen Eliasson er aksjonssjefane i Florarussen 2018. Måndag sender dei russen ut på døra di med bøsser for å samle inn pengar til inntekt for Kreftforeninga. Foto:

DEL

Russetida er prega av mykje fest og moro. Det er dei fleste vande med. Men ofte fører den utagerande aktiviteten avgangselevane driver med, til at dei har fått eit noko ufortent rykte. Fredag møtte vi to av dei som styrer russeaktivitetar det verkeleg er grunn til å applaudere.

Godt samvit

– Jo vi styrer jo med meir enn fest og moro. Vi meiner det er viktig at det skal vere litt meining bak, og at vi skal kunne ha litt betre samvit inn i festen, seier Andrine Stusdal Melvær og Frøya Hopen Eliasson med eit smil. Dei er aksjonssjefane i russen og måndag skal dei aksjonere.

Vi synest det er riktig og viktig å ha litt meining bak den tradisjonelle russefeiringa

Andrine og Frøya, aksjonssjefane i Florarussen 2018

I år som i fjor er det Kreftforeningen dei går til inntekt for.

– Vi følger opplegget ifrå i fjor og fekk gode råd og hjelp ifrå aksjonsleiaren til russen i 2017. Måndag klokka 17.30 samlast vi på Flora vidaregåande skule utanom dei som tek sikte på å gå i Bremanger, Svelgen og Eikefjord. Så på kvelden måndag er det berre å ha pengane klare. Då vil russen ha med seg ID-kort og plomberte bøsser merka med Kreftforeningen, seier Andrine.

– Men det er vel knapt med folk som har kontantar liggande i 2018?

– Det har vi sjølvsagt tenkt på. Vi har laga eit Vipps-nummer 451013 som ein kan bruke. Du kan også følge denne linken til innsamlingssida til russen. Den er lokal for Florarussen, men ligg under domenet til Kreftforeningen slik at det ikkje skal vere noko tvil kor pengane hamnar, seier Frøya.

«Reddet liv skal også leves»

Dette er temaet for årets aksjon og omhandlar forsking på seinskadar etter kreftbehandling. Sju av ti blir friske av kreftsjukdom i dag, men den medisinske behandlinga dei går igjennom er tøff. Faktisk slit ein av tre som har vore gjennom kreftbehandling med seinskadar. 

   Etter aksjonen samlast alle bøsseberarane i Sparebanken Sogn og Fjordane som stiller opp og hjelper russen med midlane dei får inn.

– Vi har hatt nokre mindre aksjonar allereie. Russen har baka kaker som har vore selt på skulen. Vi har fått inn 1450 kroner per no. Så russen stiller opp. Vi hadde aldri klart det om ikkje alle støtta opp om aksjonen vår, avsluttar aksjonssjefane. No håper dei at bøsseberarane deira blir tatt godt i mot og at dei viser seg frå si sjenerøse side for den gode saka måndag.     

Artikkeltags