Front mot front-ulykke på rv. 5

FRONT MOT FRONT: To personbilar kolliderte på rv. 5 ved Eikefjord laurdag ettermiddag.

FRONT MOT FRONT: To personbilar kolliderte på rv. 5 ved Eikefjord laurdag ettermiddag. Foto:

Ein person er frakta til sjukehus i luftambulanse etter å ha vore medvitslaus etter ulykka.

DEL

(Firda) To personbilar har frontkollidert på Florøvegen på rv. 5 ved Eikefjord laurdag. Det melder operasjonssentralen i Vest politidistrikt klokka 16.32.

Tre personar involvert

Meldinga vart først meldt via AMK. Det skal ha vore ein person i den eine bilen og to personar i den andre.

Naudetatane er på staden og det blir opplyst om at det ikkje er passasje og at trafikken står i ro.

Den eine av bilane skal stå i grøfta, og den andre står i eit av køyrefelta.

Frakta i luftambulanse

Personen som var åleine i bilen skal ha vore medvitslaus og seinare vakna til. Personen er no sendt med luftambulanse til Førde sentralsjukehus.

Dei to personane i den andre bilen skal ikkje vere skadde og blir sett til av helsepersonell på staden, opplyser Frode Kolltveit i Vest politidistrikt.

Årsaka til ulykka er framleis ukjent, og informasjon om kjønn og alder på dei involverte personane er ikkje opplyst.

Ulykka skal ha skjedd nær ein rasteplass utanfor Eikefjord sentrum i 80-sona.

Klokka 17.14 blir det meldt at bilbergar er på staden, og 17.40 vart vegen opna att for trafikk.

Artikkeltags