Front mot front på Rv 5, vegen stengd ved Fjærland

FLORØ: Tre bilar skal vere involvert, men ingen er alvorleg skadde.

DEL

Politiet melder om ei front mot front-ulukke på Riksveg 5 mellom Fjærland og Sogndal. Ulukka skal ha skjedd i åttetida måndag morgon, og vegen er no stengd.

Til saman seks personar var i dei tre bilane, men det er ikkje meldt om personskadar.

Kvart over ni melder politiet av vegen forbi ulukkesstaden er opna igjen for trafikk.


Artikkeltags