Gå til sidens hovedinnhold

Front mot front på Riksveg 5, seks personar involvert

To bilar har kollidert på Riksveg 5 ved Grov.

Kvart over fem onsdag melder Vest politidistrikt at to bilar har frontkollidert nær krysset på Grov på Riksveg 5.

Seks personar til saman var i bilane, fire av dei born.

Samtlege involverte skal vere ute av bilane og på beina, melder politiet.

Naudetatar er på ulukkesstaden og vegen er førebels stengd for trafikk.

Kommentarer til denne saken