Nyleg blei RS Bergen Kreds observert på full fart ut frå hamna i Florø med blålys. Hovudredningssentralen Sør-Norge opplyser at ein fritidsbåt har kantra vest av Bulandet i Askvoll kommune.

– Ein fritidsbåt har kantra, og det er fleire personar involverte. Ein person er plukka opp, men det er moglegvis fleire ombord i båten, opplyser redningsleiar Oddgeir Andersen.

Han fortel at store ressursar er sende til staden.

– Tre redningshelikopter og redningsskøyter er på veg, det same er Kystvakta og dykkarbåt. Situasjonen er uavklart per no, men ressursane vil augeblikkeleg vere på staden, seier han.

Operasjonsleiar Terje Magnussen ved Vest Politidistrikt seier det skal vere snakk om ein båt 20 fots størrelse.

– Det var snakk om at det er tre personar om bord, men om det er sikkert, veit vi heller ikkje. Det blir jobba på staden no, og det er HRS Sør-Norge som koordinerer aksjonen, seier han.