Vil du fange slike? Då må du registrere deg

HUMMAR: Fleire og fleire fiskar etter desse delikatessene.

HUMMAR: Fleire og fleire fiskar etter desse delikatessene. Foto:

Av
Artikkelen er over 2 år gammel

Frå i år er det innført nye og strengare reglar for hummarfiske.

DEL

– Absolutt alle som skal fiske hummar må registrere seg før fisket startar, skriv Fiskeridirektoratet på sine heimesider.

Dette gjeld både fritidsfiskarar og fiskarar som er registrerte i Fiskarmanntalet skriv Firda.

Registreringa skal skje på ei lenke som vil vere klar på Fiskeridirektoratet sine heimesider i løpet av veke 38, skriv dei.

Frå og med første oktober, når hummarfisket startar, er det innført ei rekke nye reglar. I tillegg til den obligatoriske registreringa er det vedteke at hummarteiner frå no av skal røktast minst ein gong i veka.

Vil du oppbevare hummar i sjøen i desember, må du rapportere at du har dei ståande.

Slutt på spøkelsessteinar

Det er ikkje lenger forbode å sette og trekke hummarteiner på søndagar. Det er ikkje lenger forbode for fritidsfiskarar å sette krabbeteiner på grunnare vatn enn 25 meter.

Frå og med neste år kjem det og påbod om at eit panel i teina skal festast med nedbrytbar bomullstråd, slik at tråden rotnar og panelet fell ut etter ei viss tid. Dette er eit tiltak mot såkalla spøkelsessteinar; Teiner som vert mist, og som står og fiskar og drep til inga nytte i årevis.

Artikkeltags