Syklar Norge på langs

    Martine og Maria syklar Norge på lags i kampen mot demens.

    Av
    Artikkelen er over 4 år gammel

    Martine og Maria droppa sol og strand for å sette demensforsking på dagsorden.

    DEL

    — Vi syklar Norge på langs for å skape meir merksemd rundt demens. Slik får folk i heile landet moglegheita til å gi eit bidrag til demensforsking, seier Martine Jagedal (21).

    Pengane vil gå til Nasjonalforeininga for folkehelse sitt demensforskningsprogram.

    — Det skal finansierer forsking på årsaker til demens. Det kan auke moglegheitene for å førebygging, utsetting og behandling av sjukdommen.

    Tett på demens

    Jentene startar frå Nordkapp 26. april og skal bruke fem veker heile vegen ned til Lindesnes. Nesten 3000 kilometer.

    — Det må vi klare! Vi skal heim til bryllaup og eksamen, ler Maria Igland (21).

    Planen var eigentleg å reise til Australia for å surfe.

    — Men vi har sett sand før, og ville gjere nok som betydde noko for nokon. Demens er ein folkesjukdom som over 70 000 nordmenn i dag lev med, og får alt for lite merksemd.

    Både Maria og Matine jobbar i eldreomsorga og er kvar dag tett på menneske med demens.

    — Det er ein veldig trist sjukdom. Ein visnar sakte men sikkert vekk. Aller tøffast er det for dei pårørande, seier Jagedal.
    No håpar dei at dei klarar å skape ei større forståing av sjukdommen, kanskje spesielt hos dei unge.

    Til Eikefjord og tilbake

    — Då vi kontakta Nasjonalforeningen for folkehelse, blei dei frå seg av begeistring. Ingen hadde før tatt kontakt med dei om eit liknande demens-stunt, seier Martine og fortel att foreininga no har sett opp ein konto og nettside der folk kan donere og følge utviklinga undervegs.

    Doner og sjå kor mykje jentene samler inn her.

    — Det er heilt utruleg kor mykje folk har stilt opp. Spesielt sykkelklubben, Florø CK, utan dei hadde vi ikkje ein gong kunne montert syklane våre rett, ler dei og sender ein stor takk til alle sponsorane.

    Kva har de gjort for å forbrede dykk til ein slik tur?

    Vi er begge glad i å trene, men ingen av oss har trent med sykkel før. Men eg var inn til Eikefjord og tilbake i førre veke, det tel vel litt? seier Jagedal.

    Berre ein sur i gongen

    Kalde, våte netter i telt er dei ikkje så bekymra for.

    — Vi likar godt å sove i telt! Men det er klart det blir tunge dagar og. Avtalen er at berre ein av oss har lov å vere sur og sliten om gongen. Så er Martine sur, må eg halde meg positiv, seier Igland.

    Planen er å sykle 8 mil kvar dag.

    — No gler vi oss! Det skal bli fint å komme ut på vegen å sette demensforskning på dagsorden. Vi har stor tru på at folk vil smittast av engasjementet vårt!


    Støtt forskinga med 150 kr
    send SMS «DEMENS» til 2160

     

    Artikkeltags