FIRDA: Tidlegare norsk meister i sleggekasting, Magne Føleide, gjekk bort laurdag kveld. Det stadfestar familien overfor Firda søndag. Føleide blei 85 år gammal.

Føleide var heilt i norgestoppen i sleggekasting i perioden mellom 1954 til 1973, og i løpet av desse åra sanka han tre gullmedaljar tre år på rad. Han sanka i tillegg åtte sølvmedaljar og sju bronsemedaljar.

Det lengste sleggekastet hans var på 63,58 meter, som han kasta under eit stemne i Tresfjord i 1970.

Han var også ein pionér innan organiseringa innan vektløfting som eigen idrett i Sogn og Fjordane, frå slutten av 1960-talet og første halvdel av 1970-talet.

- Han gjorde ein banebrytande innsats for å få i gang vektløfting som eigen idrett her i fylket. Både han og mange andre dreiv vektløfting som ressurstrening for friidrett, spesielt kast. Men Magne gjekk i bresjen for vektløfting som sjølvstendig idrett, og organisering på fylkesplan, og han var leiar i Vektløftarutvalet i Sogn og Fjordane desse åra, fortel Ola Bergheim, som var medlem av Vektløftarutvalet i Sogn og Fjordane med Magne som leiar først på 1970-talet, og som er noverande leiar for Nord-Vestlandet Vektløftaregion (Vestland og Møre og Romsdal).

Føleide kom opphavleg frå Føleide i Gloppen kommune, men slo seg ned i Florø. I fleire tiår var han ein sentral figur i friidrettskrinsen i kystbyen – og i Sogn og Fjordane fylke. Han var også idrettslærar ved Flora vidaregåande skule.