Markerer frigjeringsdagen med kransnedlegging og konsert

Frå frigjerings- og veterandagen 8. mai 2017.

Frå frigjerings- og veterandagen 8. mai 2017. Foto:

I dag er det sjølvaste Frigjeringsdagen 8. mai, og i Florø vert den tradisjon tru markert med kransnedlegging og konsert i kyrkja.

DEL

8. mai vert Frigjeringsdagen markert i Norge. Samstundes markerer ein også veterandagen, for å heidre dei over 100.000 nordmennene som frå andre verdskrig og fram til i dag har tenestegjort i nesten hundre ulike internasjonale operasjonar i over 40 land, i fire verdsdelar.

I Florø vert det tale ved ordførar Ola Teigen og nedlegging av krans ved minnesmerket over dei falne frå 2. verdskrig. Det skjer ved Florø kyrkje kl. 17.30.

Under kransnedlegginga er det til stades veteranar frå 2. verdskrig, Tysklandsbrigaden, FN- og Nato-oppdrag.

Deretter er det kyrkjeparade for alle veteranane, og gudsteneste med konsert klokka 18.00.

Konserten er det Florø Hornmusikk som står for, med tittelen «Lyden av Fridom».

Kvelden vert avslutta med ein eigen buffet for veteranane på Quality hotell.

Artikkeltags