Vest politidistrikt opplyser i ei pressemelding onsdag ettermiddag at det var den 30 år gamle Silje Grøneng frå Gloppen som omkom under småbåtforliset aust for Sandøy på Bulandet i Askvoll kommune i førre veke.
Grøneng var opprinneleg frå Florø.
Familien på tre var ute for å dra hummarteiner då båten kantra fredag 7. oktober. Ein mann vart lettare skadd, medan eit fem år gammalt barn vart sendt til Haukeland med kritiske skadar.
Les også
Kvinne i 30-åra omkom i båtulykke i Bulandet
Les også
To personar kritisk skadde ved Bulandet – fritidsdykkar bistod
Les også