Frida Melvær gir seg på Stortinget

TAKKAR AV: Askvollingen Frida Melvær har varsla at ho ikkje tek attval til Stortinget.

TAKKAR AV: Askvollingen Frida Melvær har varsla at ho ikkje tek attval til Stortinget. Foto:

FLORØ: Det blir med den eine perioden som stortingsrepresentant for Frida Melvær (H) frå Askvoll.

DEL

Stortingsrepresentant for Høgre, Frida Melvær, har gitt nominasjonskomitéen beskjed om at ho ikkje stiller til attval til neste stortingsperiode.

– Nominasjonskomiteen for Sogn og Fjordane tek Frida si avgjerd til vitande. Vi er svært takksame for det store arbeidet Frida har lagt ned i sine ulike politiske roller og gler oss over at ho framleis skal fylle stortingsrepresentantrolla i eit og eit halvt år til, seier leiar for nominasjonsnemnda for Sogn og Fjordane-delen av fylket, Vidar Grønnevik.

No skal Grønnevik sin komité, til liks med komitéen som har ansvar for Hordaland, jobbe vidare med andre aktuelle kandidatar til lista. To andre som også har varsla at de er uaktuelle til å stå på lista, er Morten Andreas Hagen (Kinn) og ordførar i Sunnfjord kommune, Olve Grotle.

Artikkeltags