I vår blei det oppretta 400 midlertidige stillingar i politiet, som eit koronatiltak. I statsbudsjettet for 2021 vil regjeringspartia styrke politibudsjettet med 478 millionar kroner slik at dei stillingane kan gjerast permanente.

– Dette statsbudsjettet vil bety det største oppbemanningsløftet på varige stillingar i politiet i moderne tid, seier medlem av justiskomiteen Frida Melvær frå Høgre i ein pressemelding.

Den samla satsinga på politiet i 2021-budsjettet vil utgjere over ein halv milliard (518 millionar) kroner. Politiet nærmar seg no ei total auke på 3 200 nye årsverk og 5 milliardar friske kroner sidan 2013. Målet om 2 politi per 1000 innbyggjar er snart innfridd skriv Høgre i pressemeldinga.

Dei midlertidige stillingane har i hovudsak vore plassert i distrikt som har særlege grenseproblem. Så lenge pandemien held fram vil dei framleis vere der, i utgangspunktet eit halvt år til, men når det roer seg er tanken at dei nye stillingane skal plasserast i dei geografiske driftseiningane.

– Politireforma er no i ferd med å finne si form og vi ser resultata. Samstundes erkjenner vi at det ytste leddet i politiet må styrkast. Dette går også fram av politimeldinga som vart lagt fram i vår. No foreslår regjeringspartia eit ekstraordinært løft for nettopp å gje politiet ute i driftseiningane enda større kraft. Dette er ei viktig satsing som eg er sikker på vil bli tatt godt imot både i politiet og hos folk flest, seier Frida Melvær.