Frida lovar hjelp til matfestivalane våre

SKAL FÅ HJELP: Matfestivalar har så langt hamna mellom to stolar når det gjeld statleg koronahjelp. No lovar Høgres Frida Melvær og landbruksnettverket i Høgre å kome med ei hjelpande hand.

SKAL FÅ HJELP: Matfestivalar har så langt hamna mellom to stolar når det gjeld statleg koronahjelp. No lovar Høgres Frida Melvær og landbruksnettverket i Høgre å kome med ei hjelpande hand. Foto:

Så langt har det kome lite støtte til årvisse norske matfestivalar som har måtta avlyse 2020 på grunn av koronakrisa. No lovar Høgres Frida Melvær hjelp.

DEL

Mange matfestivalar har enda opp på utsida av dei koronarelaterte støtteordningane som regjeringa har etablert sidan pandemien råka Norge i midten av mars. Enkelte festivalar har klart å gjennomføre nedskalerte utgåver av festivalprogramma sine, medan andre, til liks med Godt i Gapet i Florø, har måtta avlyse alt.

Likevel har mange av dei faste kostnader, og signala frå desse er at det fort kan vere kroken på døra for godt, om ikkje også dette festivalsegmentet får statleg naudhjelp.

Milliontap

Og no skal den kome, lovar Høgre. Stortingsrepresentant Frida Melvær sit i Høgre sitt landbruksnettverk, og no vil dei ta tak.

– Dette vil vi gjere noko med. Mange festivalar har tapt millionar, og landbruksnettverket jobbar no tett med regjeringa for å finne ei løysing, seier Melvær og resten av nettverksmedlemmene i ei pressemelding.

Så langt har ingen matfestivalar fått støtte, heller ikkje dei store aktørane i byar som Trondheim, Bergen og Stavanger. At det er viktig å halde liv i desse tilskipingane er ikkje Melvær i tvil om:

Viktig rekrutteringsarena

– Matfestivalene er viktige utstillingsvindauge for småskala- og lokalproduksjon av mat, og vi må sørge for å sikre framtida deira under og etter korona. Desse er viktige ambassadørar for å fremje norsk matkultur, slår nettverket fast.

Melvær peikar også på at festivalane er viktige for rekrutteringa til matfaga på dei vidaregåande skulane, og at mange små organisasjonar har gjort mykje viktig arbeid og skapt mykje med små ressursar i utgangspunktet.


Artikkeltags