I førre veke blei det offisielt av Havlandet Forskningslaboratorium blei kjøpt opp av lab-giganten Eurofins, og aktiviteten i Måløy blir flytta til Florø. I den forbindelse blei det spådd at det kunne komme fleire arbeidsplassar til Florø. No har Havlandet tilsett tre personar – to av dei unge og nyutdanna frå Hordaland.

Laborant og kjemiingeniør

Frida Iden (22) kjem frå Io på Holsnøy ytst i tidlegare Meland, no Alver kommune. Ho tok fagprøve som laborant for to år sidan, og starta ved Havlandet for ei veke sidan. Ho har alltid vore interessert i kjemi, og ettersom ho har både vener og slektningar innanfor laborant-faget, var det eit naturleg val. Førebels har ho nok med å sette seg inn i dei ulike analysemetodane som er i bruk ved laboratoriet.

– Det har vore travelt, men det har fått fint. Så langt trivast eg veldig godt, men eg har ikkje fått vore så mykje rundt enno. Eg har mest vore på jobb, og her likar eg meg veldig godt.

Iden set pris på naturen rundt Florø.

– Det er fint her! Eg er glad i å gå på tur, og eg likar å stå slalåm. Men eg er klar over at eg ikkje har valt ein ideell plass for det, altså, ler ho.

Kollega Mathias Vatn Nicolaysen (25) hadde sin første dag på jobb dagen etter Iden. Han var ferdig utdanna kjemiingeniør for halvtanna år sidan, og har i mellomtida vore lærarvikar på ein vidaregåande skule og køyrt taxi.

– No får eg endeleg ta i bruk utdanninga mi – det har eg venta ei stund på!

Nicolaysen seier kjemiinteressa hans stammar frå faren, som også var kjemi-interessert. Den gjekk i arv til han, slik at det var naturleg å velje den spesialiseringa på vidaregåande.

Verken han eller Iden har hatt problem med å skaffe seg husvære i Florø, og Nicolaysen fortel at han har familie i Florø og i Rognaldsvåg og dermed var kjend her frå tidlegare.

–Eg kjenner Florø godt, så det kjendest trygt og greitt å flytte hit.

Han er, som Iden, glad i å gå på tur og gler seg over fjella han ser på andre sida av fjorden frå laboratoriebygget på Fjordbase.

Fagmiljø med tyngd

Den tredje tilsette er Elin Sæther Standal, som startar i mai. Ho har lang erfaring frå Ewos og mellom anna jobba i mange år på internlaben der.

– Vi blei veldig glade for at ho søkte. Og i og med at både Frida og Mathias kunne starte raskt, fekk vi den kompetansen vi trengde, seier Quynh Le, dagleg leiar ved laboratoriet.

Ho seier dei har hatt tankar om å utvide etter at dei kom i hus på Fjorbase, med meir plass å boltre seg på.

– Samstundes vart 2018 eit tøft år for oss, med bygginga og auka kostnader, men vi kjende på at vi gjerne ville ha inn fleire. For å kunne vidareutvikle oss, må vi ha folk.

Også dei tilsette i Måløy skal til Florø.

– Det betyr at vi får moglegheit til å vere med på fleire prosjekt, som vi ikkje hadde kapasitet til tidlegare. Frå før har vi mykje kompetanse på fôr og råvarer – no får vi kompetanse frå Måløy på fisk, noko som betyr at vi kan gi eit breiare tilbod, seier Le, som gler seg over at ein får eit solid fagmiljø i Florø.

– Ofte er det i storbyane tyngda samlar seg, fordi det er der studentane er, og fordi det er meir attraktivt å bu der. Så det er veldig kjekt at vi får det til her i Florø.