– Vi har blitt forelska, erklærte Aune Sand til Firdaposten i fjor sommar. Han var full av lovord om naturen, dyrelivet, maten og all den hjartevarmen han blir møtt med i Kalvåg og Bremanger.

Og forholdet ser ikkje ut til å ha svekka seg nemneverdig over vinteren, for no er Aune tilbake. Fredag opna han årets utstilling med kunst frå Galleri Sand i Røys-butikken i Kalvåg.

Bildeserie

Sjå bilda frå opninga av Galleri Sand si utstilling i Kalvåg

Opna fredag

– Utstillinga opna fredag, og blir ståande gjennom juli og ut i august. Her er det stilt ut kunst av Aune, Vebjørn og Øyvind Sand, og Aune si kone, Marianne Aulie. Aune kom opp seint torsdag kveld, medan Vebjørn kjem oppover litt seinare i sommar, fortel Knutholmen-sjef Jan Fredrik Fosse.

Det er ikkje heilt avklart når Vebjørn Sand tek turen, men når han kjem vil han vere til stades i galleriet, og han vil ha målarkurs for barn, og ulike foredrag. Dette vil bli annonsert seinare, når datoane er klare.

Det er med andre ord ikkje så ulikt slik det var i fjor, då Sand-familien sette opp sitt popup-galleri i Kalvåg for første gong. Men noko er nytt. I Røys-butikken er det stilt ut bilde i to etasjar, i tillegg til at dei tek i bruk uteterrassen. Og nokre bilde har eit meir lokalt tilsnitt enn andre.

– Det som er ekstra gøy er at Vebjørn har måla ein del bilde med motiv frå Kalvåg og Bremanger. Dei presenterte vi fredag, og dei er det mogleg å sjå på galleriet i opningstida, seier Fosse.

Vinn-vinn

Han fortel at prisen på dei bilda varierer frå 10.000 kroner og opp til 500.000 kroner, i tilfelle du framleis har feriepengar igjen på konto og lurte på kva du skulle gjere med dei. Kunsten som er utstilt er til sals, om du har budsjett til det.

– At dei no kjem tilbake for andre år på rad må bety at utstillinga i fjor var ein suksess?

– Ja, dei selde ein del kunst i fjor, i tillegg til at dei likar seg godt i området. For oss er det med på å trekke folk til Knutholmen, så dette er vinn-vinn for begge partar, slår Jan Fredrik Fosse fast.

Galleriet i den gamle Røys-butikken vil vere opent kvar dag i juli, og eit stykke inn i august.